Featured

GPS-registrering av Kongevegen

Voss sogelag er i gang med å kartfeste Kongevegen i Voss Herad.
Me ynskjer å få vegen registrert med GPS, samle inn stadnamn langs vegen og setje opp skilt, samt samle bilete av kjende kulturminne langs vegen. 

Me ynskjer og å hente inn opplysningar om dei gamle Postgardane i Voss Herad

Me ynskjer å dokumentere så mykje kunnskap om Kongevegen som er mogeleg, slik at viktig informasjon om vegen, kulturminne og stadnamn går tapt. Dette tenker me er viktig å få gjennomført!

Har du noko kjennskap til kor vegen har gått, kjenner til lokale stadnamn langs vegen, har bilete eller veit om kjende kulturminne langs vegen -  eller har kjennskap eller bilete av dei gamle postgardane - så ynskjer me at du tek kontakt med oss

Arbeidsgruppe for prosjektet er ; 

Magne Berge, Sigbjørn Belsnes, Aslak L. Helleve og Ingvill Knapstad Bidne.