Mt. Horeb, Wis. Jan. 10 – 1928
Gode ordensbror Eirik :
Ja du vert vel mykje forundra no naar du faar dette brevet. Ja det er ikkje so rart heller daa du ikkje har høyrt fraa meg paa lange tider.
Eg har endaa full rett aa kalla deg ordensbror for eg er endaa i samming like full godtemplar som nokon tid før og kanskje meir daa eg har bere syn og forstand paa kva stort gagn det har og er for meg at eg tok den leidi eg gjorde.
Eg kan ikkje forstaa kva som har gjort at eg so reint har forsømt aa svara paa brevet dit.
Mottak mi varmaste takk for brevet du sende meg og framber mi varmaste takk ogso til losjen for deirans helsing. De faarstaar ikkje kor glad og varm eg vart daa eg las brevet. Det skapa ihug
/
og vilje i fullaste maal. Daa fek eg den same kjensle att som eg hadde, daa eg maatte handtakast til farvel med den einskilde bror og syster i losjen, ei kjensle som ikkje kann forklarast i ord, men har eit klingande navn «Kjærleik.
Eg fekk paa ny kjenne kor sterkt dette syskin bandet er, som bind oss isaman. Det var ikkje ein gut og gjenta eg sagde farvel til, men de var «Brør og systers». Eg sakna dykk mykje og kann ikkje gløyma alle dei gilde stunder eg hadde med dykk. De er no forbi, men staar i mit minne som stjernor paa klaar himmel i nattetid. Dei kann ikkje gløymast. Eg kjenner at eg er dykk stor takk skjyldig for at de synte meg den rette veg. Det er uvist kvar eg hadde vore og kor eg hadde vore um meg ikkje hadde kome inn i dykkar samband. Eg indarleg ynskjer at eg endaa maatte faa hæve til aa staa i millom dykk og taka eit
/
lyft for den store sak. Eg ser fram til den tid.
Eg er paa ny uppteken med lasje arbeid, men dette er «Sønner av Norge» so heiter losjen. Den er bygd paa same grunlag som L.O.G.T. og har dei same sermoniar. Eg har no vore skrivar for den losjen yver eit aar. Det er mykje meir arbeid som skrivar i ein slik losje enn som eg var van med heime i fraa. Dette er ein assuranse organisation og difor meir arbeid for skrivaren. Neste maanad skal me hava valg og daa vil eg slutta med denne plassen, men so segjer medlemarne at dei vil hava meg til president for losjen, so eg slepp ikkje heilt fri allike vel. Daa eg i fjor gjekk inn i losjen var eg ukjend men vart strakst sett inn som skrivar og so stor tiltru har eg vonne no at eg maa fyrestaa og gjenomføra og døma i dei vigtige saker som kjem upp. Eg maa difor vera all over, og maa reisa mykje.
/
Det som har hjelp meg fram slik er at eg altid faar mit arbeid gjort og kann lesa aa skriva baae maali, Norsk og engelsk, betre enn so dei andre gjerer. For ei tid sidan fekk eg hit fraa Norge, Rasmus Breistein som synte oss den velkjende filmen «Brureferdi i Hardanger» og dessutan bilete fraa Voss og Hardanger og andre velkjende plassar. Det var gilt aa sjaa att dei gamle «tufter» no som dei segjer.
Eg tala med den Gjerstad guten, son til Odd Gjerstad, som kom hit for ein nokre vekor sidan. Han lever berre eit kort stykke i fraa her. Han er for tidi upplægd daa han brant foten sin.
Eg har ikkje fenge brev fraa Voss i heile sumar so eg vilde lika mykje aa høyra det siste nyt derifraa.
Eg haapar aa høyre kor det staar til med losjen no. Etter som eg har høyrt skal den vera heller svak, men eg haapar at den livnar til at naar det vert kaldare i veret.
Dersom du har tid so dryg ikkje for lenge før du skriv att, daa eg lengtar etter Norges brev.
Ja eg gløymde mest aa skriva noko um mi eigi «bedrift» som du kanskje er intressert i aa høyra. Før eg skriv um det skal egn evna noko um Vossalaget. Vossalaget hadde sit aarsmøte i Madison den 22-23-24 juni. Eg var tilstades paa møte dei tvo siste dagane. Eg møtte der fleire kjende; blant andre : Brynjulv Honve, son til Johs. Johs. Grimestad,
/
Nils Grimestad bror til Johs. Berge Grimestad og kona. Klaus Vethe, Lars Saue og fleire som du har mindre kjennskap til. Me hadde eit svært gilt møte i saman.
Som eg kanskje skreiv i mit siste brev gjekk e geit aar ved ein høgskule i staten Minnesota. Sidan den tid har eg drive med maaling og studering. Eg har maala um sumaren og studera um vinteren.
Siste sumar maala eg paa utsida ei av dei største kjyrkjorne som er rundt her. Eg fekk 1200 kr for arbeidet som eg var aaleine um. Eg maala ogso taarnet og skipet som var ca 30 meter høgt. Ein morosam men faarleg plass.
Kanskje meir har eg fenge gjort i studering. Siste vaar tok eg eksamen med hovudkarakter 1,5 i Elektrisk Ingeniør avdeling. Eg ventar paa aa faa plass til vaaren.
/
Til vinteren har eg tenkt paa aa studera Aviation. Det er aa byggja flygemaskinor og motora og læra aa flyga. Um desse planar kjem i gjenom veit eg ikkje endaa, berre tidi vil visa.
Hels specialt til Hans og Knut Træn i fraa meg.
Brorsamt,
Johannes Eide
Eg tala ogso med son til Mattis Rekve sist sumar.
__________________________________________________________________________________
Brevkopi fått frå : Einar Rekve (1924-2014)
Brevet funne i eit lagsblad (bok) til losjen Verjan på Bulken, i eit skatoll i Bulken samlingshus.
Brevet var sendt til Eirik Nilsson Rekve, født ca.1900
Sendt frå Mount Horeb, Dane County, Wisconsin, USA
Einar sine merknader om nokre av personane omtala i brevet :
Odd Gjerstad : bror til Johannes B. Gjerstad som hadde gard på Gjerstad.
Son til Mattias Rekve : heitte Eirik – var nokre år i Wisconsin, arbeidde på farmen til enkja Marta Prescott – kom heimatt til Noreg.
Hans O. Træn : kom frå Kvittingen. Allsidig teknisk begavelse.
Knut O. Træn : skomakar på Bulken. Var tidlegare gardbrukar, selde til sonen og vart skomakar.