Laurdag 13. oktober skipa Voss sogelag tur til Sigmund Gjernes sine flotte samlingar av post, butikk og jernbane heime på Vethe
Mange møtte opp denne dagen!
Laurdag 13. oktober skipa Voss sogelag tur til Sigmund Gjernes sine flotte samlingar av post, butikk og jernbane heime på Vethe
Mange møtte opp denne dagen!
Mange trassa regnet og vart med på tur.

Søndag 14 september arrangerte Voss sogelag, Voss Utferdslag og Stiftinga Bergsliminne tur i høve kulturminnedagane. Omlag 25 personar møtte opp og var med på turen, trass regn og dårleg ver.
Osafestivalen inviterte alle medlemslaga i Hordaland sogelag til framsyninga «Hustveit. Ei litterær-musikalsk utvandringshistorie» sundag 26. oktober 18.00 i Voss idrettshall. Framsyninga var ein del av Osafestivalen 2025.

Som ein del av Kulturarvdagane vert det
tur til Gjelle sundag 14. september kl. 12:00 - 17:00. Oppmøte på Gjernes skule. Turen er eit samarbeid mellom Voss Sogelag, Voss utferdslag og Stiftinga Bergsliminne. Turleiar vert Knut Farestveit. Etter turen vert det foredrag på Dagestadmuseet om Knud og Brynjulf Bergslien ved Laila Rynning Veum.Servering av kaffi og vafler. Tilskipinga er gratis. Velkomne!!
Familiedag/ope hus på HUSTVEIT 14. september
Alle er og velkomne til Hustveit denne sundagen kl 12.
Kulturinnslag, aktivitetar for born, lettare servering og
guida tur til stølen på Helset for dei som ynskjer.
Parkering nede ved vegen og ca 1 time vandretid i merka stiar oppover til tunet.
Hugs gode sko og kle dersom regn !
Voss sogelag skipar til to såkalla lågterskelturar i haust. Den første går laurdag 11. oktober. Då går turen til Vethe på Bulken. Det skal me besøkja Sigmund Gjernes og sjå dei fantastiske samlingane i løa hans. Han har bygt opp ei flott postsamling. Samlinga inneheld unike effektar frå posten si lange historie, alt frå gamle posthorn og uniformar til postsekker og frimerke, alt har si historie.
I eit anna rom finn me NSB utstilling. Her vil få sjå og oppleva ei reise gjennom gode gamle NSB si historie. Det må berre opplevast.
Sist men ikkje minst, får vi sjå landhandelen/krambua Sigmund har laga inne på låven. Det er som å koma inn i ei anna tid, før tida med handlevogner og sjølvbetjening. Her får me sjå alt slik det ein gong var på krambua. Bak disken står sjølvsagt Sigmund og fortel om samlinga si. Nytta høve til å oppleva fortida i løa til Sigmund Gjernes laurdag 11. oktober.
Den andre turen i haust, vert framhald frå i fjor haust då sogelaget arrangerte rusletur på Vangen. Gunnar Hemre Ringheim fortalde då om «Gamle Vangen» Den gong var det Vangen vest, frå stasjonen og innover til området rundt Voss Ungdomshall han tok føre seg.
Sundag 12. oktober vert det ny rusletur. Denne gongen vil Gunnar Hemre Ringheim ta for seg austre delen av Gamle Vangen, det vil seia frå Ungdomshallen og innover mot Langabrua. Få kjenner Gamle Vangen som han. Me får ei grundig innføring av korleis Vangen var før det meste vart lagt i grus under bombinga i slutten av april 1940. Set av nokre timar sundag 12. oktober og nytta høve til å høyra Gunnar Hemre Ringheim fortelja mykje god historie.
Turane er opne for alle!
Voss sogelag arrangerer kurs i GPS registrering av turruter
onsdag 27. august kl. 18:00 i Tinghuset.
Kursleiar Sondre Een Kvalfoss.
Påmelding til Ingvill Knapstad Bidne - på tlf. 905 63 522
Deltakarane må laste ned app'en på sin eigen tlf. før ein kjem på kurset;
Norgeskart friluftsliv – Apper på Google Play (Android telefon(samsung ol.))
Norgeskart friluftsliv on the App Store (IOS telefon(apple))
Velkomen på kurs!!