Kulturminnedag 14. september

Som ein del av Kulturarvdagane vert det
tur til Gjelle  sundag 14. september kl. 12:00 - 17:00. Oppmøte på Gjernes skule. Turen er eit samarbeid mellom Voss Sogelag, Voss utferdslag og Stiftinga Bergsliminne. Turleiar vert Knut Farestveit. Etter turen vert det foredrag på Dagestadmuseet om Knud og Brynjulf Bergslien ved Laila Rynning Veum.Servering av kaffi og vafler. Tilskipinga er gratis. Velkomne!!

Familiedag/ope hus på HUSTVEIT 14. september
Alle er og velkomne til Hustveit denne sundagen kl 12.
Kulturinnslag, aktivitetar for born, lettare servering og
guida tur til stølen på Helset for dei som ynskjer.
Parkering nede ved vegen og ca 1 time vandretid i merka stiar oppover til tunet.
Hugs gode sko og kle dersom regn !