Featured

Oppstart av historiekafé

Voss sogelag startar opp historiekafe i samarbeid med Park Hotell Vossevangen. 
Fyrste onsdag i månaden inviterer me til lokalhistoriske kåseri/føredrag i Cafe stationen mellom 18:00 og 20:00.
Oppstart onsdag 4 november.
Her kan ein få med seg interessante lokalhistoriske tema, kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i og ha ei hyggeleg samkome saman med andre historieinteresserte sambygdingar.
 
Me jobbar no med å få på plass føredragshaldarar, nokon er allereie klare og me kjem med meir informasjon etter kvart.
Dette arrangementet er ope for alle i Vossebygda 🤩
Håpar at du har lyst å kome!
 
 
Styret i  Voss sogelag