Tysdag 24. mars kl. 19:00 inviterer me til medlemskveld i Sogelaget.
I Voss Sparebank sine lokale vil det verte føredrag om kunstnaren Leif Gjerme og hans liv og arbeid.

Føredragshaldar vert Nils Kvamsdal og ein vil og få høve til å sjå noko av Gjerme sitt arbeid som fins i Voss Sparebank.
Er du ikkje medlem har du høve til å ordne dette i døra eller vippse kr. 200.- til Vippsnr. 28442. Vert du medlem vil du både støtte laget og få fri inngang på medlemskveldane og lågterskelturane me skal arrangere gjennom året!
Vel møtt!
Helsing styret i Voss Sogelag