Featured

Årsmøte i Voss sogelag vel gjennomført

Referat frå årsmøte i Voss sogelag 26. februar 2026 i kantina ved Voss ungdomsskule.

Leiaren, Ingvill Knapstad Bidne kunne ynskja 14 frammøtte velkomne.

Sak 1 Det kom ingen merknader til innkalling eller sakliste.

Sak 2 Ingvill Knapstad Bidne vart vald til ordstyrar medan Magne Berge vart vald til referent.

Eirik Helleve og Lars Gunnar Øye vart valde til å skriva under protokollen.

Sak 3 Leiaren las årsmeldinga for 2025. Den syner at laget har lagt eit svært aktivt år bak seg. Sjå årsmelding på eige ark. Årsmeldinga vart godkjend utan kommentarar.

Sak 4 Rekneskap. Kasserar Jan – Egil Mandelid la fram rekneskapen for 2025. Den syner eit fint overskot. Sjå eige ark.

Revisor Audny Berit Jansen Fremming har sett over rekneskapen og godkjent den. Årsmøte godkjente også rekneskapen utan kommentarar.

Sak 5 Val: Gunnar Hemre Ringheim leia valet som vart nokså enkelt skulle det syna seg.

Leiar Ingvill Knapstad Bidne tok attval, 1 år.

Jan – Egil Mandelid og Magne Berge var attvalde for 2 nye år som styremedlemmer.

Dei to andre styremedlemmene Ingrid Kløve – Graue og Sigbjørn Rognebakke står på val neste år.

Knut Farestveit og Sigbjørn Belsnes vart attvalde som varamedlemmer for 1 år.

Audny Brit Jansen Fremming vart attvald som revisor.

Valnemnd: Guro Dagestad vart vald til årsmøte 2027

Gunnar Hemre Ringheim vart vald til årsmøtet 2028

Lars Gunnar Øye (ny) vart vald fram til årsmøte 2029

Det førelåg ikkje innkome saker til årsmøtet.

IMG_0689_2.jpeg

Eirik Helleve, som har skrive boka «Soria Moria Utvandringa frå Voss til Amerika.» Som tittelen seier, handlar den om utvandringa til Amerika. Han heldt eit svært interessant føredrag kring boka. Han fortalde korleis han hadde arbeidd med boka heilt frå starten av og fram til ferdig produkt. Her synte han også mange flotte bilete som han hadde fått tak i, og som er brukte i boka, samtidig som han fortalde litt om personar og bygningar på bileta. Eirik Helleve har gjort eit flott stykke arbeid.

Sak 6. Leiaren presenterte litt planar laget har for 2026. Det er planlagt 2 medlemskveldar, ein no i vår og ein til hausten. På planen ligg også to lågterskelturar.

Til slutt vart det kaffi og noko å bita i.

Ref. Magne Berge