Som medlem kan du no få kjøpt rimeleg bilett til arrangementet FELEMAKAREN,
sundag 25. oktober kl.18.30 i Voss idrettshall.
Trykk på lenkja, og du kjem til TicketCO. Fyll inn medlemspromokoden, felemakeren2026,
og du får som medlem billett til Promopris kr. 350,- (ordinær kr.450,-)
Felles nettside for Voss Sogelag og Voss Ættesogelag
Featured
Featured
Hugs møtet i kveld, tysdag kl.18.30.
Stad : Biblioteket, Voss kulturhus
Alle er hjarteleg velkomne !
Featured
Sundag 11. oktober vert det ny lågterskeltur.
Denne gongen fortset me vandringa på Vangen og no er det Vangen aust som Gunnar Hemre Ringheim skal fortelje oss om. Oppmøte bak Aas bygget / Coop Prix kl. 13:00.
Vel møtt!
Featured
Voss sogelag startar opp historiekafe i samarbeid med Park Hotell Vossevangen.
Fyrste onsdag i månaden inviterer me til lokalhistoriske kåseri/føredrag i Cafe stationen mellom 18:00 og 20:00.
Oppstart onsdag 4 november.
Her kan ein få med seg interessante lokalhistoriske tema, kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i og ha ei hyggeleg samkome saman med andre historieinteresserte sambygdingar.
Me jobbar no med å få på plass føredragshaldarar, nokon er allereie klare og me kjem med meir informasjon etter kvart.
Dette arrangementet er ope for alle i Vossebygda 
Håpar at du har lyst å kome!
Styret i Voss sogelag
Featured
Måndag 21/9 kl.18 til 20
Stad : Voss Folkemuseum
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa.
Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon.
Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar.
Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.

Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev,
Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria om utvandringa frå Voss til USA.
Saman vil dei snakka om desse tidlege breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Gratis inngang!

Voss Ættesogelag starta opp med fyrste møte for hausten
tysdag 1. september kl. 18.30 - 21.00.
Stad: Lokalsamlinga på Voss bibliotek i Kulturhuset.
Møtedatoar framover vert tysdagar som fylgjer:
1. sept, 6. okt, 3. nov, 1. des og 5. jan.
I tillegg kjem Jørn Øyrehagen Sunde til Voss bibliotek 29. september kl 19.00 - 20.30.
"Forsvarstale for eit vondt menneske". Om eit mørkt kapittel i norsk retts- og kvinnehistorie.
Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.